1	    KOR ER JAMES?
2	    James og Mary er i hagen. Det er fint vêr i dag, det er veldig varmt. Men i går var det veldig kaldt! Dei kunne ikkje leika ute då. James og Mary elskar å leika, dei leikar alltid saman i hagen framfor det store huset.
3	    James er ein liten gut og han er seks år gammal. Den vesle jenta er systera hans, ho er fem år gammal. James har ein liten hund, hunden er òg i hagen no. Hunden likar å leika med dei to borna. Hunden er veldig glad no.
4	    Har Mary òg ein hund? Nei, Mary har ikkje nokon hund, ho har ein katt. Men katten er i huset, katten søv.
5	    Mammaen deira er inne i huset saman med katten, ho kikkar ut gjennom vindauget og ser James og Mary leika. James spring raskt til eit stort gammalt tre, han gøymer seg for Mary. Veit du korfor? Mary sit og held hendene sine framfor auga sine. Ho kan ikkje sjå noko og ho tel. Korfor gjer ho det? Og kva gjer James nær treet?
6	    Det er eit spel. Når Mary er ferdig med å telja, ser ho rundt seg. Ho leitar etter James; kor tok han vegen? Såg du han?
7	    Mary veit ikkje kor James er. Ho spør hunden: «Såg du James?» Men hunden kan naturlegvis ikkje prata! Så Mary får ikkje noko svar på spørsmålet sitt. Folk får aldri svar når dei pratar med hundar!
8	    Mary ser på mammaen sin bak vindauget, mammaen hennar ler. Mary tenkjer at ho såg kor James tok vegen: «Fortel meg kor han er!», seier ho til mammaen sin. «Nei Mary, eg kan ikkje fortelja!», svarar ho. Sjølv om ho sannsynlegvis veit kor han er, vil ho ikkje fortelja.
9	    Mary går sakte gjennom hagen. Ho freistar enno finna James. Ho leitar under bordet og under stolane, men James er ikkje der. Ho leitar over alt, men ho kan ikkje finna James.
10	    Då høyrer ho ein lyd, han kjem ifrå bak det store gamle treet. Kan det vera James? Der er lyden igjen! Ho lyttar nøye. Det er ingen fugl eller noko anna dyr. Ho høyrer det tydeleg no. Det må vera James!
11	    Sidan ser ho òg ei lita hand, og når ho går nærare, ser ho òg hovudet hans! Ho ler og seier: «Eg har funne deg!» Dei er båe glade og går til huset, det er på tide å eta noko og drikka litt vatn!
